Bestill time for tredje dose koronavaksine no - men berre dersom det har gått lang nok tid sidan andre dose

Klikk her for å bestille time til massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter kvar onsdag

  • 65 år og over: Minimum fem månader etter andre dose.
  • 18-64 år: Minimum seks månader etter andre dose.

Du kan òg bestille time ved å ringe 913 58 649
 

Kurs for foreldre i emosjonsfokusert ferdigheitstrening

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Synest du - som alle andre foreldre - at foreldrerolla kan vere slitsam? Har du lyst til å bli meir bevisst på kjensler i foreldrerolla di?

Bjørnafjorden kommune held med jamne mellomrom 2-dagarskurs i emosjonsfokusert ferdigheitstrening for foreldre (EFST). 

Når er neste kurs?

Torsdag 11. og fredag 12. november 2021, kl. 8.30-15.15
Kurslokalet over YX 7-Eleven i Byvegen 30, 5200 Os. Sjå kart

Om kurset

Å vere foreldre er ei utfordrande oppgåve! Det er ein stor jobb å skulle handtere eit barn sine kjensler, samstundes som ein handterer sine eigne.
Alle foreldre gjer så godt dei kan. Likevel kan foreldre og barn komme inn i vanskelege samspelsmønster eller oppleve utfordringar som tærer på energi og livskvalitet.

Barn kan bli sinte, stille, engstelege, deprimerte, utagerande, skamfulle eller på ulike vis utfordre grensene foreldre ønskjer å sette. Foreldre kan igjen bli sinte, fortvila, bekymra for framtida, føle avsky overfor barnet sin oppførsel eller bli overdrive ettergivande eller strenge.
Vi kan bli dårlege utgåver av oss sjølve og mislike oss sjølve som foreldre.

Uansett kva for utfordringar familien din har, kan det gjerast noko med. Vi veit at alle foreldre vil, og vi trur alle kan!

Kurset er opplevingsbasert, med ei blanding av teori, øving i emosjonsfokusert ferdigheitstrening og tid til eigenrefleksjon.

Les meir: Kva er emosjonsfokusert ferdigheitstrening for foreldre (EFST)?

Kven passar kurset for?

Dette er eit kurs for deg som vil bli betre til å:

  • forstå, møte og hjelpe barnet ditt når det opplever vanskelege kjensler
  • sette grenser for barnet ditt på ein sunn og fleksibel måte
  • reparere relasjonen mellom deg og barnet ditt når ting har gått gale, og seie unnskyld når du har gjort noko dumt eller feil som barnet ditt har fått vondt av
  • bli bevisst på korleis dine eigne kjensler påverkar deg i foreldrerolla, og korleis dei kan stå i vegen for at du får gjort det beste for barnet ditt

Kurset eignar seg for alle foreldre med barn i alle aldrar (også vaksne barn!)

Slik melder du deg på

Send oss ein e-post

Ver vennleg å oppgi fullt namn, e-postadresse, telefonnummer og eventuelle matallergiar i påmeldinga.

Kontakt

Ida Caroline Benestad
Psykolog
Mobil: 908 34 270
Til toppen