Koordinator for barn som pårørande

Når nokon i familien har gått bort, er alvorleg sjuke, er i fengsel eller på andre måtar har det vanskeleg, påverkar det heile familien - også barn og ungdom.

Vi veit at alle foreldre vil det beste for barna sine. Men i tunge periodar kan det vere vanskeleg å strekke til, og ein kan ha bruk for råd og støtte for korleis ein best mogleg skal ivareta sine barn og unge i ei krevjande tid.

Kommunestyret i Bjørnafjorden kommune vedtok i budsjettet for 2024 å avvikle stillinga koordinator for barn som pårørande. Dette gjeld frå 1. mai 2024. 
Du som allereie har kontakt med koordinator, vil bli kontakta.
Andre førespurnader kan rettast til helsestasjonen og skulehelsetenesta.

Barn 0-6 år: Helsestasjon for barn

Barn og ungdom 6-18 år: Skulehelsetenesta

Du kan også kontakte Familieteamet i Bjørnafjorden kommune.

Kontakt

Beate Botnevik
Helsesykepleier (m/særaldersgrense)
Mobil: 48032152