Friskliv og meistring gir tilbod til personar busett i Bjørnafjorden kommune som ønskjer hjelp og støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar.
Fokusområde er kosthald, fysisk aktivitet, tobakk, søvn, smerte, utmatting, stress og meistring.
Friskliv og meistring er eit frivillig tilbod som baserer seg på hjelp til sjølvhjelp.
Kva tilbyr vi?
Vi tilbyr støtte til meistring av eiga helse gjennom ulike gruppetilbod og individuell rettleiing.
Kontakt oss om du har utfordringar i kvardagen på grunn av:
- Lite fysisk aktivitet
- Nedsett helse eller livsstilssjukdom
- Overvekt
- Stress
- Langvarige smerter
- Utmatting
- Søvnvanskar
- Mage/tarm, til dømes irritabel tarm (IBS)
- Kosthald
Kven kan nytte tilbodet?
Du som har utvikla sjukdom eller liding på grunn av livsstil eller har auka risiko for slike sjukdomar. Du må vere busett i Bjørnafjorden. Du kan sjølv ta kontakt og treng ikkje tilvising frå lege.
Friskliv og meistring følgjer skuleruta.
Kurs, turar og treningstilbod
Sjå oversikt over kurs og andre tilbod
Slik tar du kontakt
Du treng ingen søknad eller tilvising. Du kan ta kontakt med oss på telefon eller e-post. Ikkje skriv sensitiv informasjon i e-post.
Helsesamtalar er gratis. Fyll ut dette eigenerklæringsskjemaet før helsesamtale. (ODT, 45 kB)
Du må betale ein eigendel ved kurs og grupper.
Sist endra 26.06.2023 01:24