Seniordrosje

Seniordrosje er eit gratis tilbod til deg som er over 65 år og som treng transport for å kunne delta på utvalde arrangement og aktivitetar i Bjørnafjorden kommune. Tilbodet gjeld òg for seniorar som treng transport for å gjere frivillige oppdrag.

Det skjer svært mykje i Bjørnafjorden kommune. Det står ikkje på tilbodet - men ofte er transport til og frå den store utfordringa for mange eldre.

Slik går du fram for å bestille Seniordrosje

  • Ring Os Taxi på telefon 07000 eller Fusa Taxisentral på telefon 56 58 19 00 og bestill drosje på vanleg måte.
  • Når drosja kjem, oppgir du til sjåføren at du skal til eit Seniordrosje-arrangement. Drosja køyrer deg til arrangementsstaden.
  • Når du skal heim, ringer du og bestiller drosje heim att frå same stad.

Desse arrangementa kan du få Seniordrosje til og frå

Os Pensjonistforening lagar kvartalsvis oversikt over arrangement og aktivitetar i Bjørnafjorden kommune som du kan ta Seniordrosje til og frå.

Sjå oversikt over Seniordrosje-arrangement

Du kan òg få oversikta skriven ut på papir hos Os Pensjonistforening, Fusa frivilligsentral, Os frivilligsentral og i Kommunetorget på Rådhuset.

Lag, organisasjonar og andre arrangørar melder inn aktuelle arrangement med namn på arrangement og arrangør, stad, dato og klokkeslett (start og slutt) til Os Pensjonistforening ved leiar Bjørn Sivertsen på e-post bsivert2@gmail.com eller telefon 913 83 884

Bakgrunn: Kvifor Seniordrosje?

Altfor mange heimebuande eldre kjenner på einsemd, og svært mange av desse har ikkje tilgang på eigen bil.
Å måtte lite på at pårørande skal køyre deg dit du vil, når du vil, er ikkje enkelt for nokon av partane. Det er heller ikkje slik at alle har pårørande i nærleiken.

Skal du kunne kjenne deg trygg og komfortabel i eigen heim, må du vite at du kan komme deg dit du vil, når du treng det, utan at det går ut over økonomien din.

Prosjektet «Heima best» i Bjørnafjorden kommune skal greie ut korleis vi kan nå den nasjonale målsettinga om at eldre skal bu heime lengst og best mogleg.
Seniordrosje-tilbodet er eit svar på dette. For å trivst heime, må ein ikkje kjenne seg «fanga» heime.

Seniordrosje er ei praktisk, konkret og effektiv løysing på ei rekke utfordringar:  

  • Heimebuande eldre og einsame får moglegheit til å delta på sosiale arrangement.
  • Pårørande får avlastning.
  • Frivillige utan bil kan komme seg til og frå oppdrag – og kanskje endå fleire melder seg til teneste når det er enkelt å komme seg til og frå. 
  • Lag, organisasjonar og andre arrangørar får publikum og deltakarar til sine arrangement.

Seniordrosje i Bjørnafjorden kommune 2023 er finansiert gjennom ei løyving på 120 000,- frå formannskapet sitt disposisjonsfond.

Tilbodet er organisert av Os Pensjonistforening, i samarbeid med Os Taxi, Fusa Taxisentral, Bjørnafjorden eldreråd, Os frivilligsentral, Fusa frivilligsentral og Bjørnafjorden kommune.