Søk om tilskot til integreringsarbeid

Divya Agrawal/Unsplash Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om prosjektstøtte og driftstilskot til integreringsarbeid. Bjørnafjorden kommune forvaltar tilskota på vegner av integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

Hovudmålet er å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrarar og deira barn. Målgruppa for ordningane er innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og andre i befolkninga elles.

Kven kan søkje?

Alle typar frivillige organisasjonar som vil setje fokus på integrering som del av sin aktivitet i Bjørnafjorden kommune.

Organisasjonen må vere registrert i Frivilligheitsregisteret, og ha hovuddelen av medlemmane sine i Bjørnafjorden kommune.

Rapportering

Organisasjonar som får tilskot, skal sende inn årsrapport og rekneskap etter at tiltaket er gjennomført. Tilskotet skal som hovudregel bli brukt og rekneskapsført i 2022.  Organisasjonar som mottar støtte på 100 000 kroner eller meir, skal sende inn prosjektrekneskap. Dette skal vere revidert av statsautorisert eller registrert revisor. 

Søknadsfrist

1. september 2022.

Dette kan de søkje om tilskot til:

 

1. Enkelttiltak og/eller prosjekt til integreringsarbeid

Frivillige organisasjonar kan få støtte til aktivitetar og tiltak som fremjar integrering mellom majoritets- og minoritetsbefolkninga i kommunen, og som bidrar til å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrar og deira barn.

Prosjekt/tiltaksstøtte kan ikkje brukast til generell drift av organisasjonen.

Ordninga har tre delmål:

A

  • Prosjekt som stimulerer til fellesskap, tillit og tilhøyrsle i lokalsamfunn for innvandrarar og befolkninga elles, og motverke utanforskap, rasisme og diskriminering, og for mangfald i lokalsamfunnet.

B

  • Prosjekt som aukar kunnskap om det norske samfunnet, gir betre norskferdigheiter og styrkar kvalifiseringa for arbeid eller utdanning blant innvandrarar.

C

  • Prosjekt som førebygger negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting, og styrkar likestilling mellom kjønna. 

Kor mykje kan ein søkje om?

De kan søkje om full eller delvis støtte til eit tiltak. Minimumssum per enkelttiltak er kr 10 000,-

De kan søkje støtte til fleire prosjekt, men berre eitt prosjekt per søknad. Tildelingar over kr 100 000,-stiller krav om revisorrapport.

Søk om om tilskot til enkelttiltak/prosjekt

2. Driftstilskot

Kommunen kan også gi støtte til drift av lokale innvandrarorganisasjonar.  
Tildelinga av støtte er basert på kor mange betalande medlemmer organisasjonen har, det vil seie medlemmar som har betalt medlemskontingent via bank til organisasjonen sin konto. Organisasjonane må legge fram medlemsliste ved søknad. 

Organisasjonen må ha minimum 20 medlemmar. 

Satsar for tildeling av driftstilskot:

  • under 30 medlemmar: kr 25 000 
  • mellom 30 og 80 medlemmar: kr 50 000 
  • meir enn 80 medlemmar: kr 75 000

Søk om driftstilskot til organisasjon

Les meir om ordningane på IMDI sine nettsider

Til toppen