Trivselstunet arbeids- og aktivitetssenterTrivselstunet er eit dagtilbod til personar med nedsett funksjonsevne. Du finn oss på Leiro 43, 5640 Eikelandsosen.Kven er tilbodet for?Dagsenteret er for personar med nedsett funksjonsevne som bur heime.Tilbod Turgåing Formingsaktivitetar Song Trim Bingo AvislesingVi samlar oss rundt bordet til hyggelege måltid med næringsrik mat. Du får tilbod om frukost, middag og eit mellommåltid med frukt.Tilbodet blir tilpassa den enkelte, og kan nyttast frå èin til fire dagar i veka.Vi hentar deg og køyrer deg heim med minibuss.OpningstidMåndag, tysdag, onsdag og torsdag kl. 10.00-15.00.Slik søkjer du Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 127 kB). Kryss av for dagopphald. Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.Kva skjer vidare med søknaden?Kva kostar tenesta?Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Sist endra10.06.2020 10.37