Treng barnet ditt logoped?

Logopedtenesta er ein del av PPT i Bjørnafjorden kommune. Logopedtenesta er eit lågterskeltilbod. Det betyr at barn kan få direkte hjelp frå logopedtenesta utan at dei først må ha vedtak om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.

Kva gjer vi?

Logopeden kan jobbe direkte med barn som har

  • vanskar med uttale og språklydar, det kan for eksempel vere at barnet byter ut ulike lydar eller kutter ut stavingar/lydar i ord.   
  • stamming og løpsk tale.
  • stemmevanskar.

Barnet får vanlegvis tilbod om treningsøkter kvar veke, i ein periode på inntil 10 veker. Den direkte hjelpa består av periodar med trening og pausar. Treninga skjer i barnehagen eller på skulen, men barnet kan også kome saman med føresette til logopeden sitt kontor.

Vi kan også delta i samarbeid rundt barn som har meir omfattande hjelpebehov.

Slik søker du om logoped

Dei fleste barn som får direkte hjelp frå logopedtenesta er i alderen 4 – 7 år. Du som forelder søker om logoped via dette digitale skjemaet. Er du usikker på om logoped er riktig hjelp for barnet ditt, eller om barnet ditt også har andre hjelpebehov? Ta kontakt med oss før du sender inn skjemaet.

Har du andre spørsmål til logopedtenesta, eller vil du at vi skal ta kontakt med deg?  Send oss ein e-post med telefonnummeret ditt, så tar vi kontakt. 
NB! Ikkje skriv sensitiv informasjon som helseopplysningar eller hjelpebehov i e-posten. 

Kontakt

Kaia Randa Berthelsen
Logoped
Mobil: 95030991
Kristine Gressgård
Still m/krav masterg
Mobil: 95914158
Marit Siren Mjelde
Logoped
Mobil: 95030993
Rebekka Sævrøy
Ped.psyk.rådgiver
Telefon: 46897655
Mobil: 46897655
Ingvild Lunde Oseng
Ped.psyk.rådgiver
Mobil: 48001725