Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Tilskotsportalen

No er det enklare å finna pengar til ditt lokale prosjekt! 

I "Tilskuddsportalen" finn du oversikt over økonomiske støtteordningar som ditt lag eller organisasjon kan søka på. Her kan du søka blant 1.500 tilskot for frivillige lag og organisasjonar. Tilbodet er gratis for alle som bur i Bjørnafjorden kommune sidan vi er medlem av portalen. Du må tasta inn organisasjonsnummer for å få tilgang.

Kven er portalen for?

For å ha tilgang til tilskotsportalen, må laget eller organisasjonen vera registrert med organisasjonsnummer. Dersom ditt lag eller organisasjon ikkje har organisasjonsnummer, kan du kontakta kultureininga i Bjørnafjorden kommune for å få tilgang. Enkeltpersonar kan ikkje nytta portalen.

Tilskotsportalen inneheld blant anna

• Kalender med søknadsfristar
• Katalog der tilskota er sortert etter tema
• Nyhendeoppdateringar frå forvaltarar av tilskot
• Verktøy for å søka direkte i databasen
• Hjelp til å bli oppdatert på søknadsfristar

Dersom du har spørsmål eller får tekniske problem med innlogging kan du kontakta support: support@tilskuddsportalen.no

Til toppen