Bli støttekontakt eller fritidskontakt!

Remi Wallé/Unsplash Har du tid til overs og lyst til å gjere ein forskjell? Då kan du bidra til å gi andre ei meiningsfull fritid. 

Dersom du er interessert i å hjelpe menneske som treng bistand til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar, så vil vi svært gjerne høyre frå deg.

Bjørnafjorden kommune søkjer etter støttekontaktar/fritidskontaktar til barn, ungdom og vaksne.

  • Du bør vere over 18 år, og det er ein stor fordel om du har førarkort og disponerer bil.
  • Vi treng støttekontaktar av begge kjønn og i alle aldrar. Behovet er stort på begge sider av fjorden.
  • Vi tilbyr lønn etter Bjørnafjorden kommune sine satsar, utgiftsdekning og kilometergodtgjersle, fleksibel arbeidstid og jamleg rettleiing - i tillegg til svært meiningsfylte oppgåver.

Les meir om å vere støttekontakt/fritidskontakt her.

Slik blir du støtte- eller fritidskontakt

Fyll ut interesseskjemaet

Ta gjerne kontakt med oss i støttekontakttenesta på telefon 917 76 395 eller e- post: stottekontakt@bjornafjorden.kommune.no