Foreldre møter foreldre: Nettverksgruppe våren 2024 Påmeldingsfrist 28. februar

Markus Spiske/Unsplash

Har du lyst til å forstå barnet ditt betre, slik at de kan få det betre saman? Og møte andre foreldre i same situasjon?

Nettverksgruppa "Foreldre møter foreldre" er eit gratis tilbod til barn og foreldre - inkludert middag og aktivitetar for barna.
Vårens grupper er retta mot deg som har barn frå 0-12 år (ut 7. trinn).

Påmelding fortløpande og innan 28. februar 2024.

- Eg klarer å tenke over kva eg seier til barnet og korleis eg seier det. Eg har blitt meir tolmodig.

Mor, tidlegare deltakar 

Gruppa skal vere ein stad der du kan få støtte og råd i foreldrerolla og møte andre i same situasjon, i samtale med familierettleiar frå Bjørnafjorden kommune og diakon i Os kyrkjelyd. 

Tilbodet er ope for alle foreldre, uavhengig av livssyn, livssituasjon og av om ein allereie mottar tenester frå hjelpeapparatet i dag. 

Det kan vere mange årsaker til at ein har lite nettverk eller kjenner at ein strevar litt i foreldrerolla. Kanskje bur du langt unna familie og venner, som elles ville ha vore naturlege å spørje om råd og hjelp.
Kanskje er det andre utfordringar som gjer at du ønskjer og treng ekstra støtte som mor eller far. 

- Fantastisk oppleving! Lærerikt og hjelpsamt. Viktig å møte folk som har same utfordringar i kvardagen som meg. Eg fekk støtte og blei forstått, lærte og diskutere opent om alt.

Mor, tidlegare deltakar 

Ved å møte andre menneske, snakke ope og dele erfaringar, gleder og bekymringar, kan du både få støtte og vere ei støtte for andre.
Bli med!

Tid og stad

  • Måndagar, kl. 16-19, frå 4. mars til 29. april 2024.
  • Tunet kyrkje- og kultursenter, Øyro 49

Program 

  • kl. 16: Middag 
    Om de kjem til middag litt etter klokka 16 går det heilt fint. De kan òg komme direkte til gruppa klokka 17.
    Vi set oss ned saman rundt bordet og nyt ein god middag.
    Vi tar kontakt med alle påmelde i forkant for å avklare eventuelle allergiar og andre omsyn.
  • kl. 17-19 (inkl. pausar): Samtalegruppe for dei vaksne og aktivitetar for barna/ungdomane i eit rom i nærleiken.
    Barn er hjarteleg velkomne til å ete middag. Vaksne aktivitetsleiarar vil vere saman med barna medan vi vaksne snakkar saman. Dei kan til dømes spele bordtennis, brettspel eller gjere lekser.

Tema

Vi vil ta opp ulike tema som til dømes Tryggheitssirkelen, korleis forstå og møte barna sine følelsar, og korleis snakke med barna - også om vanskelege tema. Du kan også vere med å bestemme kva tema vi skal ta opp.

Datoar

  • 4. mars
  • 11. mars
  • 18. mars 
    Påskeferie
  • 8. april
  • 15. april
  • 22. april
  • 29. april

Kvar gong startar gruppeleiarane med ei innleiing til ulike tema. Aller viktigast er samtalen oss i mellom etterpå.  

Meld deg på

Påmelding fortløpande, og innan 28. februar 2024.

Kontaktpersonar

Oddveig Klakegg, familierettleiar i Bjørnafjorden kommune
Telefon: 916 54 083 

Ingrid Vik, diakon i Os kyrkjelyd
Telefon: 45 05 12 12

Tilbodet er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune og Os kyrkjelyd, og er finansiert med midlar frå Bufdir.