- Tusen takk for den viktige jobben de gjer for oss alle!

Frå høgre: Fungerande einingsleiar for legetenester Mike Görtz, ordførar Trine Lindborg, Solveig Balland, Stina Skare, Ingrid Klakegg, Janike Presthus, Vilde Kristiansen Haugland, Marit Fosen, Maria Nybø Sørstrønen, Margrete Bjørnås, Cathrine Aasen, Hedda Sævareid og Ingunn Traavik.

Ordførar Trine Lindborg og fungerande einingsleiar for legetenester, Mike Görtz, overraska legevaktsjukepleiarane i Bjørnafjorden kommune med kake på morgonkvisten i dag, fredag.

Nasjonal pris - lokal kake

På den nasjonale legevaktskonferansen i Bodø i september, blei årets legevaktpris tildelt alle legevaksjukepleiarar i Noreg. Grunngivinga for prisen var den formidable innsatsen dei har levert i front under pandemi og framleis leverer for primærhelsetenesta og den norske befolkninga.
Det var spesielt sjukepleiarane sin innstas på legevaktene under pandemien som blei framheva - ikkje minst i starten då Noreg stengde ned. 
Desse sjukepleiarane måtte ta nye oppgåver på toppen av annan akuttmedisinsk beredskap, og med stor arbeidsinnsats, overtid og ekstravakter klarte dei brasane.

Overraska på fagdag

- Eg veit at grunngivinga for den nasjonale prisen handla mykje om pandemien. Men som ordførar og innbyggar vil eg òg seie noko om kva de legevaktsjukepleiarar betyr for oss elles òg. Tusen takk for at de kvar dag, kvar time er på vakt for oss innbyggarar. Den tryggheita og kompetansen de har er heilt livsnødvendig! sa ordførar Trine Lindborg, som saman med fungerande einingsleiar for legetenester i Bjørnafjorden kommune, Mike Görtz, hadde tatt turen opp til Beredskapsbygget på Moberg, der legevaktsjukepleiarane var samla til fagdag. 

Betyr enormt mykje

- Det krevst nokre heilt spesielle eigenskapar for å kunne stå i denne typen jobb. Og ikkje minst treng ein gode og trygge kollegiale forhold. Ein må kunne stole på «makkeren» sin, både fagleg og menneskeleg.
Eg kan berre ane kor tøffe dagar de av og til kan ha på jobb. Eg håpar at de ser at de betyr enormt mykje i møte med folk som kan vere på sitt mest sårbare. Då er det umåteleg godt og trygt å bli ivaretatt av så gode og flinke folk som vi har i våre legevakttenester, sa Lindborg.

Dette er legevaktsjukepleiarane

  • I dag har Noreg 168 legevakter, mot 220 i 2009. Bjørnafjorden legevakt er ei av desse. 
  • Legevakta krev sjukepleiarar med solid kompetanse og erfaring, og kan ikkje tilsette nyutdanna sjukepleiarar. Rekruttering er derfor utfordrande.
  • Bjørnafjorden har 21 tilsette akuttsjukepleiarar på legevakta.
  • Sjukepleiarane ​jobbar i vaktlag saman med legevaktslege. Som team må dei vere samansveisa og kunne stole på kvarandre i uventa situasjonar.

Les meir på sykepleien.no