Varsel om oppstart parkering i fjell og ny kollektivterminal

Bjørnafjorden kommune skal i gang med å utarbeide ein detaljreguleringsplan for parkeringsanlegg i fjell og ny kollektivterminal på Osøyro. Frist for uttale settast til 28.05.24

Føremålet med planen er å regulere for parkeringsanlegg i fjell med innkøyring frå rundkøyring i sentrum. Dette er planlagd for å løyse parkeringsbehovet i sentrum.

Det blir i tillegg regulert ny kollektivterminal i medhald av sentrumsplan for Osøyro (ikkje vedteken).

Dokument i saka:

Planinitaiativ Fjellhall (DOCX, 3 MB)

Referat oppstarsmøte Fjellhall (DOCX, 56 kB)

Eventuelle uttalar i saka sendast til post@bjornafjorden.kommune.no oppgi saksnummer 23/6318