Stenger veg
Det er nødvendig å stenge vegen i anleggstida for å kunne gjennomføre anleggsarbeidet. Vegen blir stengd på strekninga mellom avkøyring til E39 Halhjemsvegen og avkøyring til kommunal veg Solbakken; sjå kartet (PDF, 2 MB). Det blir også stengt for inn- og utkøyring i Nilsavegen via Lepsøykrysset.
Dette er eit tidleg varsel, slik at alle kan førebu korleis dei vil køyre i anleggstida. Det er forventa at vegstenginga skjer frå starten av oktober 2024 til midten av mai 2025. Nøyaktig dato for stenging blir publisert om lag ei veke før stenging.
Desse kan passere
Vegen blir open for rutebuss, skulebuss, utrykkingskøyretøy, gåande og syklande i anleggstida. All annan trafikk må nytta omkøyring langs Skeisflaten og Ulvenvegen.
Bebuarar i anleggsområdet får tilkomst til sine eigedomar i anleggstida.
Bjørnafjorden kommune er byggherre, medan Vestland fylkeskommune (VLFK) skal stå som eigar av anlegget etter ferdigstilling.
Arbeidet er ein del av gjennomføringa av Miljøløftet. les meir om arbeidet: Trolldalen - Lepsøyvegen
Les meir om Miljøløft-prosjekta i Bjørnafjorden: Miljøløftprosjekt i Bjørnafjorden
Les meir om Miljøløftet: Om Miljøløftet