Områdeplan for Hauge

 

Her finn du informasjon om og retningslinjer for utarbeiding av forslag til ny områdeplan for Hauge

Kommunestyret i Os vedtok 24.9.2019, sak 71/2019 planprogram til områderegulering for Hauge. Føremålet med områdeplanen er å legge til rette for heilskapleg utvikling av området aust om Os sentrum med vekt på føringar frå pågåande rullering av arealdelen til for Bjørnafjorden Vest og arbeidet med områdeplan for Os sentrum.

Planarbeidet skal sjå på korleis det framtidige busetnadsmønsteret kan utviklast med omsyn til sentrale, allmenne interesser knytt til natur- og friluftsliv, mellom anna gjennom å legge til rette for:

  • grøne korridorar, turvegnettverk og tilkomst til lokale friområde
  • blå- grøne strukturar som opning av bekkevassdrag og flaumvegar
  • born og unges interesser gjennom å finne areal til kvartalsleikeplassar og andre møtestader
  • kartlegging og vurdering av verneverdi av kulturminne og kulturmiljø
  • estetisk utforming av omgjevnadene med omsyn til landskap, miljø og arkitektur
  • bustad for alle gjennom å planlegge for variert bustadtilbod
  • utgreie konsekvensar for miljø og samfunn – særskild høve til kulturminner og -miljø, landskap, landbruk og naturmangfald. 

For meir inngåande informasjon om planarbeidet, finn du planprogrammet under Sentrale dokument nedanfor.

 

Medverknad - Grunneigardialog

Kommunen ynskjer god dialog med grunneigarar og rettighetshavarar i planområdet. Om du har spørsmål eller bekymringar knytt til konsekvensane av planarbeidet for dykkar eigedom, oppmodar vi om å ta kontakt med prosjektgruppa for ein prat. Sjå kontaktpersonar nedanfor.

I løpet av hausten 2021 og vinteren 2022 vil kommunen kontakta enkelte grunneigarar for nærare dialog i område der vi ser at særskilde eigedommar vert særskilt råka av tiltaka i planen.

Vinter/vår 2022 vil vi invitera til eit ope møte der resultat av utgreiingar og planforslag vert presentert.

Målet er at framlegg til reguleringsplan kjem på høyring vår/sommar 2022. Grunneigarar, naboar og rettighetshavarar til planområdet vert underretta om dette per brev.

 

For spørsmål/henvendingar knytt til arbeidet med planforslaget, ta kontakt med:

Henning Wenaas Ribe, arkitekt områdeplanleggar, 99 00 25 02, hewr@bjornafjorden.kommune.no

Helle Holte Bruland, arealplanleggar, 416 17 873, hhb@bjornafjorden.kommune.no

Tor Nagelgaard, jurist, 416 33 557, tornag@bjornafjorden.kommune.no

 

Status

Forslag til ny områdereguleringsplan for Hauge vert lagt fram til utval for plan, bygg og miljø hausten 2021 og sendt på offentleg høyring straks etter. Alle grunneigarar i planområdet, naboar samt offentlege mynde får planforslaget til høyring og moglegheit til å uttale seg før endeleg planforslag vert handsama av Bjørnafjorden kommunestyre i 2022. 

Planforslaget vil legge til rette for langsiktig utvikling av området, med ei tettare busetnad langs Hatvikvegen og eit nytt nettverk av gangsamband med grøne områder, leikeplassar og utsiktspunkt mv. Dette kan medføre nokre restriksjonar på enkelte eigedomar, da det er naudsynt å sette av areal til nye gangvegar. Planforslaget vil legge til rette for at gangvegane vil opparbeidast på sikt, i takt med utvikling i av din eigedom når du ynskjer det. 

 

Detaljregulering Bjørnafjorden gjestetun, gbnr. 63/455

Som del av områdeplanen utarbeider ByBo AS forslag til utbygging på eigedom 63/455. Føremålet med planarbeidet er at utbygging på eigedomen skal sjåast i samanheng med den langsiktige planen for utvikling av området som heilskap. 

Fyste utkast til utbygging på gjestetunet vart presentert for utval for plan, bygg og miljø 21.april 2021. Sjå presentasjonen nedanfor. Utbyggingsforslaget vert vidare bearbeidd før endeleg forslag er klart for politisk handsaming og høyring i haust. 

Naboar til utbyggingsforslaget på gjestetunet vert invitert til eige nabomøte i løpet av august 2021. 

 

 


Sentrale dokument

Områdeplan for Hauge
Tittel Publisert Type
1 Planprogram områdeplan Hauge – KS 24.09.2019

08.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 1 Planprogram områdeplan Hauge – KS 24.09.2019.pdf
1 Saksframlegg fastsetting planprogram områderegulering Hauge

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 1 Saksframlegg fastsetting planprogram områderegulering Hauge.pdf
2 Temarapport Friluftsliv og bygdeliv_Hauge_06.02.2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2 Friluftsliv og bygdeliv_Hauge_06.02.2020.pdf
2 Temarapport Kulturminne_Hauge_05.04.2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2 Kulturminne_Hauge_05.04.2020.pdf
2 Temarapport Landskapsanalyse 02.06.2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2 Landskapsanalyse 02.06.2020.pdf
2 Temarapport Naturmangfald Hauge 22.01.2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2 Naturmangfald Hauge 22.01.2020.pdf
2 Temarapport Naturressursar Hauge 21.01.2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2 Naturressursar Hauge 21.01.2020.pdf
3 Forslag strategi områdeplan for Hauge

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 3 Forslag strategi områdeplan for Hauge.pdf
3 Forslag strategi områdeplan for Hauge, mai 2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 3 Forslag strategi områdeplan for Hauge, mai 2020.pdf
Til toppen