Treng barnet ditt logoped?Logopedtenesta er ein del av PPT i Bjørnafjorden kommune. Logopedtenesta er eit lågterskeltilbod. Det betyr at barn kan få direkte hjelp frå logopedtenesta utan at dei først må ha vedtak om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. Kva gjer vi? Logopeden kan jobbe direkte med barn som har vanskar med uttale og språklydar, det kan for eksempel vere at barnet byter ut ulike lydar eller kutter ut stavingar/lydar i ord. stamming og løpsk tale. stemmevanskar. Barnet får vanlegvis tilbod om treningsøkter kvar veke, i ein periode på inntil 10 veker. Den direkte hjelpa består av periodar med trening og pausar. Treninga skjer i barnehagen eller på skulen, men barnet kan også kome saman med føresette til logopeden sitt kontor. Vi kan også delta i samarbeid rundt barn som har meir omfattande hjelpebehov. Slik søker du om logoped Dei fleste barn som får direkte hjelp frå logopedtenesta er i alderen 4 – 7 år. Du som forelder søker om logoped via dette digitale skjemaet. Er du usikker på om logoped er riktig hjelp for barnet ditt, eller om barnet ditt også har andre hjelpebehov? Ta kontakt med oss før du sender inn skjemaet. Har du andre spørsmål til logopedtenesta, eller vil du at vi skal ta kontakt med deg? Send oss ein e-post med telefonnummeret ditt, så tar vi kontakt. NB! Ikkje skriv sensitiv informasjon som helseopplysningar eller hjelpebehov i e-posten. Sist endra 14.09.2023 12:38