Koordinator og individuell plan (IP)

Individuell plan (IP) er eit tilbod til deg som mottar hjelp frå to eller fleire instansar, og som har behov for koordinerte tenester. Ordninga med IP er frivillig.

Sjølv om du ikkje ønskjer å få utarbeidd ein individuell plan, kan du likevel be om å få oppnemnd ein koordinator. Koordinator skal syte for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbodet ditt og framdrift i arbeidet med ein eventuell plan. 

Kven kan ha behov for individuell plan?

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få ein individuell plan. Planen skal vere eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparat, og mellom dei ulike tenesteytarane.

Dette kan vere aktuelt for personar som:

  • på grunn av skade eller sjukdom har eit brått fall i evna til å fungere i dagleglivet
  • opplever gradvis fall i funksjonsevna over lengre tid
  • har kroniske lidingar
  • har fysiske, psykiske eller sosiale vanskar
  • har medfødd funksjonssvikt

Bjørnafjorden kommune brukar eit nettbasert verktøy for Individuell plan.
Planeigar og koordinator skal saman avklare kven andre som skal ha tilgang til planen. Deltakarane i ei ansvarsgruppe kan logge seg inn, lese planen og bidra til planarbeidet. For barn og unge, er føresette med på å bestemme innhaldet i planen. Når planen er sett i verk, vil du få tildelt brukarnamn og passord. 

Koordinerande eining (KE)

Koordinerande eining i kommunen har overordna ansvar for arbeid med IP, oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator. Her jobbar fagpersonar frå ulike tenestestader, for å sjå til at dei ulike tenestene innan habilitering og rehabilitering verkar saman. 

Slik søker du om Individuell plan

Kva skjer vidare med søknaden?

Vi vil behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det. Då vil du òg få opplyst om når du kan vente at vedtaket blir gjort.

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072
Hege Kathrin Varhaug-Lekven
Spesialkonsulent
Mobil: 45653984