Dette må de sende inn:
Til Bjørnafjorden kommune:
For å bestille tid for seremoni, må begge personane som skal gifte seg sende inn kvart sitt digitale bestillingsskjema til kommunen.
Til Skatteetaten:
Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del skjema: eigenerklæring, forlovarerklæring, erklæring om skifte dersom de har vore gifte tidlegare og melding om endring av namn, dersom det er aktuelt.
NB! Behandlingstida varierer, så ver ute i god tid før planlagt bryllaupsdato.
Prøvingsattest
Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Prøvingsattesten må leverast til kommunen før vigselen. De kan laste opp prøvingsattesten når de bestiller vigsel hos kommunen eller ettersende han.
Prøvingsattesten må vere maks fire månader gammal ved vigsel. Når vi har mottatt prøvingsattesten, sender vi dykk ei stadfesting av tid for seremonien. Dette brevet får du i di digitale postkasse.
Kva kostar det å gifte seg?
Vigsel på Rådhuset skjer i utgangspunktet torsdag og fredag mellom klokka 12 og 15, og er gratis dersom de har folkeregistrert adresse i Bjørnafjorden kommune. Dersom de er folkeregistrerte i ein annan kommune, kostar vigsel kr 1500. Vigsel utanom ordinær tid eller på annan stad enn Bjørnafjorden rådhus kostar kr 2000.
Les meir om kven som kan vigsle, om seremonien og viktig informasjon for utanlandske statsborgarar.
Bjørnafjorden kommune gratulerer og ønskjer til lukke med den store dagen!