Bli med på kurs i kognitiv åtferdsterapi - få verktøy til å møte livets opp- og nedturar

Velkommen til eit innføringskurs i kognitiv åtferdsterapi og psykisk helse som går over fire tysdagar. Kurset vil ha ulike tema kvar gong, og gi deg nyttige styrkeøvingar for di psykiske helse.
 

Kurset er ein del av Rask psykisk helsehjelp (RPH) - eit gratis behandlingstilbod til deg over 16 år som har angstliding, mild eller moderat depresjon, søvnvanskar (insomni) eller begynnande rusmiddelproblem.

Tilbodet passar for deg som:

  • Slit med overdriven grubling og bekymring 
  • Er trist eller nedstemt 
  • Opplever at angst og indre uro begrenser deg
  • Opplever stress og belastning i kvardagen

Mellom kursdagane er det lagt opp til at du skal jobbe på eiga hand med ulike tema.
For å ha best mogleg effekt av tilbodet er det viktig med eigeninnsats, og at du har kapasitet til å arbeide med verktøya i kvardagen.

Tid og stad

Tysdagar, kl. 14.30-16.30
I NAV sine kurslokale i Os næringspark, vegg i vegg med Bjørnafjorden bibliotek.

Kurshaldarar: Audun Røren og Maren M. Assev.

Kursdatoar 2024

  • 5. mars, 12. mars og 19. mars og 2. april

Er dette kurset aktuelt for deg?

Send ein e-post med namn og telefonnummer til rask.psykisk.helsehjelp@bjornafjorden.kommune.no 
Vi tar kontakt med deg for ein kartleggingssamtale. 

NB! Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-posten, til dømes omfattande forklaring på kvifor du søker hjelp eller tidlegare sjukdomshistorie.