Hugs å søke om barnehageplass innan 1. mars

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Skal du søke om barnehageplass eller endre ein søknad som allereie ligg inne? Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars.

Ny søknad? 

Søk om barnehageplass for barnehageåret 2024/2025 i opptaksportalen på nett innan 1. mars. Følg rettleiinga inne i portalen.

Har du alt ein søknad liggande inne?

Det er ikkje nødvendig å bekrefte eksisterande søknader om barnehageplass. Men dersom du ønsker å endre noko i søknaden, må du gjere dette innan fristen. Sjekk òg at alle opplysningane framleis stemmer.
Søknaden din ligg i systemet vårt til du får tilbod om barnehageplass eller til du sjølv slettar han. 

Du må oppgi gyldig e-postadresse for å kunne ta imot informasjon om tilbod om barnehageplass.

Søk/endre søknad om barnehageplass