Hugs å svare på brukarundersøkinga for heimetenestene

Jem Sahagun/Unsplash

Har du eller nokon du er pårørande til mottatt ei brukarundersøking frå heimetenestene i Bjørnafjorden kommune? Då er det til stor hjelp om du svarar på undersøkinga, eventuelt hjelper brukaren slik at han eller ho får svart. 

Undersøkinga er sendt i postkassen.
Du vel sjølv om du vil krysse av på svarskjemaet og returnere det til oss i ferdigfrankert konvolutt eller levere til heimetenesta når dei er innom. Du kan òg svare digitalt ved å gå inn på denne lenka.

Det tar om lag 5-10 minutt å svare på undersøkinga.

Kva lurar vi på?

Vi ønskjer tilbakemelding på kva du som brukar meiner om tenestene du får. Vi spør mellom anna om korleis du opplever kvaliteten i tenesta, og kor nøgd du er med enkelttenester.

Vi vil bruke resultatet frå denne undersøkinga i arbeidet med å utvikle og forbetre heimetenestene i Bjørnafjorden kommune.

Svarfrist 17. juni 2024.

Takk for hjelpa!

Kontakt

Hanne Kårstad Engeseth
Sykepleier (m/særaldersgrense)
Mobil: 91528919