Lær deg å gi livreddande førstehjelp til barn NB! Ekstra kurs 8. november

Os Røde Kors, i samarbeid med Bjørnafjorden helsestasjon, held kurs i livreddande førstehjelp til barn. 
Kurset er retta mot foreldre og andre som har omsorg for barn under åtte år.

FULLTEIKNA: Onsdag 1. november, kl. 18-21.

NYTT KURS: Onsdag 8. november, kl. 18-21

Røde Kors-huset, Kolskogheiane 8, Os.

Tema for kurset:

  • Kva er livreddande førstehjelp? 
  • Å ringe etter hjelp 
  • Den viktige undersøkinga
  • Skaff frie luftvegar
  • Hjarte-lunge-redning på vaksne og spedbarn - teori og praktiske øvingar
  • Barn og skadar
  • Når barnet er sjukt 
  • Blødningar 
  • Førebygging 
  • Brannskade 
  • Forgiftning       

Førstehjelp er som å lære å sykle – du kan ikkje lese deg til det

På kurset vil du få praktisere dei ulike førstehjelpstiltaka, lære og trene hjarte-lunge-redning på både spedbarn og vaksne. Du får òg eit deltakarhefte som du kan bruke etter at kurset er gjennomført.

Pris og påmelding

Meld deg på kurset

Deltakaravgift kr 300,- Dersom to foreldre deltar på same kurs kostar det kr 500,- for begge.
Meld deg på og betal kursavgift til Vipps 22541 når du har fått stadfesting på at du har fått plass på kurset.

OBS! Deltakeravgifta blir ikkje refundert viss avmeldinga skjer mindre enn to dagar før kursstart.

Påmeldingsfrist 4. november.

Har du spørsmål?

Ta kontakt på kurs@osrodekors.no