Parkerer du ved Fjellheim? Frå 1. desember må du registrere parkeringa i app

På parkeringa ved Fjellheim kan du parkerer 9 timar gratis per døgn. Det er ikkje skiltgjenkjenning ved innkøyring. Hugs å registrere parkeringstida di i appen Easypark!

Korttidspakering registrerer du i appen Easypark

  • Last ned Easypark app. 
  • Søk etter takstgruppe som blir vist på skilt. 
  • Registrer køyretøy ved ankomst og snurr på hjulet i appen fram til tidspunktet du vil avslutte parkeringa.

Merk at du må registrere køyretøyet sjølv om du parkerer innanfor dei 9 gratistimane. 

Månadskort/årskort kjøper du i appen UNUM

  • Når du kjøper månadskort eller årskort, må du òg reservere plass. Det gjer du i parkeringsappen UNUM. Eit gitt tal plassar ved Fjellheim vil vere reservert for månadskort/årskort. 
  • Ledige plassar er synlege i UNUM-appen, same parkeringsapp som på dei andre parkeringsplassane Vestpark driftar for Bjørnafjorden kommune.
  • Når du har kjøpt månedskort/årskort og valt din faste plass, må du parkere på riktig plass på området.

Dersom du feilparkerer eller parkerer utan å registrere parkeringa i app, kan du få ein kontrollsanksjon. Det gjeld både for abonnement og korttidsparkering.

Tider og prisar ved Fjellheim 

  • Gratistid er 9 timar på vekedagar. Etter 9 timar er det parkering mot avgift, kr. 20 pr time.
  • Gratistid gjeld 1 gang per 24 timar på vekedagar.
  • Laurdag og søndag er det gratis parkering kl. 00:00 - 24:00.
  • Før du parkerer, er det viktig at du les skilta på området som viser korttidsparkering, reserverte plassar, og andre reglar som gjeld på området.

Her finn du oversikt over dei forskjellige parkeringsløysingane på og rundt Osøyro. (PDF, 12 MB)