Slik er det å vere ung i Bjørnafjorden

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Resultata frå Ungdata-undersøkinga 2021 er no klare.
Her kan du lese meir om korleis barn og unge i Bjørnafjorden kommune sjølve seier at dei har det.

Slik jobbar vi med resultata frå Ungdata: Om prosjektet VERD-SETT og Ungdata-undersøkinga

Om VERD-SETT

Prosjektet VERD-SETT- saman om livsmeistring og fråværsforebygging ein del av programmet for folkehelsearbeid i Bjørnafjorden kommune.

VERD-SETT er eit 3-årig prosjekt. Det overordna målet er å jobbe saman på barn og unge sine oppvekstarenaer for å styrke meistringsevne og psykisk helse, og for å auke nærvær og førebygge utanforskap.

Ungdata-undersøkinga står sentralt i prosjektet. Analyse, fokusgruppeintervju og oppfølging av resultata vil gi kommunen ny innsikt og informasjon til å kunne utarbeide meir treffsikre og kunnskapsbaserte tiltak inn mot barn og unge i kommunen.

Om Ungdata

Ungdata er ei undersøking der skuleelevar over heile landet svarer på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Undersøkinga omfattar tema som familie, vennskap, skule, lokalmiljø, helse, mobbing, lovbrot og deltaking i fritidsaktivitetar. Undersøkinga blir gjennomført i skuletida og er anonym og frivillig.  

Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet er ansvarleg for gjennomføringa av Ungdata-undersøkinga, i samarbeid med KoRus, kompetansesenter innan rusfeltet.  

Ungdata 2021 blei gjennomført i februar 2021. Sist gong undersøkinga blei gjennomført var i 2019, men då hadde Fusa kommune og Os kommune separate undersøkingar. I år er difor det første året vi får ei samla undersøking for Bjørnafjorden kommune. I tillegg er det i år det første året vi deltek i junior-undersøkinga (5.-7. trinn).  

I Bjørnafjorden kommune har vi 17 skular på barnetrinnet (5.-7. trinn), inkludert dei tre private barneskulane, tre ungdomsskular og tre vidaregåande skular deltatt.
Barnetrinnet har ein svarprosent på 86 % (1029 elevar), ungdomsskulen 85 % (872 elevar) og vidaregåande skule 69 % (689 elevar). Dette ligg ganske nært dei nasjonale tala for svarprosent. Svarprosenten for dei vidaregåande skulane ligg noko lågare enn dei førre åra, og dette heng truleg saman med at skulane var på raudt smittevernnivå då undersøkinga blei gjennomført.   

Vi har vald å dele rapporten opp i tal for barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande skule. Tema som omhandlar foreldre og skule er slått saman på alle trinna. Samanfattinga er skriven av arbeidsgruppa for ungdataundersøkinga i Bjørnafjorden kommune, og er utdrag av rapportane frå sjølve undersøkinga.

 

   

Mellomtrinnet: Nærområdet

Barn i dag veks opp i ei globalisert verd. Det lokale og det å høyre til i nærmiljøet er likevel svært viktig i livet til barna. Ungdata '21

Ulike nærområde gir ulike moglegheiter for aktivitetar og sosialt samvær. Barn og unge brukar nærområde i større grad og på ein annan måte enn vaksne. Trygge og sunne nærområde er derfor særleg viktig for velferd og trivsel hos barn. I undersøkinga blei barna spurde om kor nøgde dei er med nærområdet der dei bur. Det store fleirtalet er nøgde. 

I Bjørnafjorden svarar dei fleste at dei anten er veldig trygge eller ganske trygge i sitt nærområde. Samstundes er det ei mindre gruppe på 5 % som ikkje opplever at nærområdet er trygt. Dei fleste opplever også skulevegen som trygg, men 11 % har svart at dei ikkje kjenner seg trygge på skulevegen. 

 

 

 

 

Mellomtrinnet: Venner

Dei fleste barn er sikre på at dei har minst éin god venn som dei stoler heilt på. Ungdata '21

  • Det er likevel viktig å merke seg at 10 % seier dei ikkje har venner dei kan stole på

Jentene skårar høgare enn gutane i det å kjenne seg einsame, og ikkje ha nokon å vere med på fritida. Her er det gjerne òg ein samanheng med at fleire gutar spelar online spel enn jenter (sosialt treffpunkt), og jentene brukar meir tid på sosiale medium (ein einsam aktivitet, og ein stad ein fort kan kjenne seg utanfor/samanlikne seg med andre). Sjå avsnitt om Fritid.  

  • Det som betyr mest i vennskapet er at ein er til å stole på (69 %)
  • minst er det å ha dyre merkeklede (77 % svarer "ikkje viktig")
Mellomtrinnet: Fritid

Barn si fritid er mykje meir organisert no enn då foreldra var unge. Organiserte aktivitetar er ein viktig sosial arena, samtidig som deltaking i fritidsaktivitetar er veldig avhengig av foreldra sine ressursar (tid og økonomi).  

Det er stor variasjon mellom barn når det gjeld kor mykje tid dei bruker framfor ein skjerm i løpet av ein vanleg dag. Ungdata '21

  • I talet på timar på skjerm per dag, utanom skulearbeid, ligg vi lokalt over nasjonalt nivå - spesielt på 4 timar pluss (28 % mot 20 %), og det er gutane som brukar flest timar.  
  • Av tidsbruk på ulike medium, brukar barna mest tid på å sjå filmar/seriar/YouTube og spele dataspel/TV-spel, og minst tid på å lese bøker, aviser og sjå nyhende
  • Gutane brukar meir tid enn jentene på online spel, og jentene brukar meir tid på sosiale medium enn gutane.
  • 75 % av barna i Bjørnafjorden svarer at dei er med på faste fritidsaktivitetar, mot 80 % nasjonalt. 
Mellomtrinnet: Mobbing

Fleirtalet av norske barn blir ikkje utsette for mobbing, men samstundes er mobbing eit alvorleg problem for dei som blir ramma. Ungdata '21

Talet på barn som blir utsette for mobbing lokalt er litt høgare enn for resten av landet.  

  • Samanlikna med resten av landet, er barn mykje meir utsett spesielt for negative hendingar på nett eller mobil i Bjørnafjorden kommune. 
  • 41 % av jentene svarer at dei har opplevd negative hendingar på nett eller mobil dei siste månadane, mot landsgjennomsnittet på 27 % (både gutar og jenter). 
Mellomtrinnet: Livskvalitet

"Det som gjer livet godt å leve”  har både materielle og subjektive sider. Handlar om kor fornøgd ein er med livet ein lever og trivsel, men òg å vere til nytte og oppleve meistring. Livskvalitet påverkar sjølvbildet, ei viktig side av livskvalitet er derfor korleis ein ser på seg sjølv. Ungdata '21

Barna i Bjørnafjorden melder at dei sjølve synest dei har eit bra liv. 

  • Det er likevel verdt å merke seg at nokre barn opplever stress allereie på barnetrinnet.
  • Blant dei som opplever stress skil jenter seg ut: 29 % av jenter og 16 % av gutar kjenner seg ofte/veldig ofte stressa.

Det er viktig for konsentrasjon og trivsel å få nok søvn.

  • Ein del barn rapporterer at dei har sove mindre enn det som er tilrådd.
  • Dei fleste barn har nokon å snakke med om vanskelege eller triste ting, flest barn vil snakke med foreldre og venner.
Mellomtrinnet: Helse

Eigenvurdert helse er ein viktig indikator for sjukligheit, og bruk av helsetenester blir nytta til å overvaka befolkninga sin helsestatus over tid. Det er generelt større fokus på helse i dag enn tidlegare, og større kunnskap om risikofaktorar har gjort at vi er meir opptekne av å førebyggje dårleg helse. Livsstilsvanar blir etablert tidleg, så born og unge ei sentral målgruppe for det førebyggjande helsearbeidet. Ungdata '21

  • Undersøkinga viser at dei fleste barn på landsbasis (88 %) er ganske eller veldig nøgde med si eiga helse. I Bjørnafjorden er talet 85%.
  • På landsbasis er det litt fleire gutar enn jenter som er nøgde med helsa si.
  • Jenter rapporterer om meir helseplager (kvalme, hovudverk, vondt i magen, vondt i nakke og skuldrer) enn gutar.
  • Når det gjeld bruk av smertestillande, ligg tala frå Bjørnafjorden kommune rett i underkant av landsgjennomsnittet, og her er liten skilnad mellom gutar og jenter.

   

Ungdomstrinnet: Venner

I overgangen frå barn til ungdom endrar gjerne fokuset seg frå kva ein gjer i leiken, til kven ein er saman med. Nokre er opptekne av å ha ein stor vennegjeng å vere saman med, medan andre er nøgde med å ha ein eller to nærare venner. Kvaliteten på vennskapen betyr gjerne meir enn kvantiteten. 

Ni av ti unge i Noreg har ein venn dei kan snakke med om alt mogleg. Ungdata '21

Nasjonalt og lokalt viser tala at dei aller fleste ungdommar har venner å vere saman med. Men det er samtidig urovekkande at nokre ungdommar, òg i Bjørnafjorden, kjenner på at dei ikkje har ein venn dei kan stole på og tru seg til, eller nokon å vere med på skulen og i fritida.

  • Desse tala ligg nokså jamt lokalt og nasjonalt, og nokså jamt mellom gutar og jenter.
  • Her kan ein merke seg at det er ein større prosentdel av jentene på 10. trinn enn på 8. trinn som ikkje har venner å vere saman med på fritida.
  • Det er likevel verd å merke seg at prosentandelen som er ute med venner har ligge stabilt frå 2019-tala til årets tal.

Det har vore ein auke i ungdommar som seier at dei vore plaga av å kjenne seg einsame.

  • Tala gjer eit stort hopp frå 8.-9. trinn til 10. trinn blant jenter som kjenner seg einsame (frå 11-10 % til 21 % på 10 .trinn).
  • Lokalt ligg vi rett over nasjonalt nivå når det gjeld om ungdommane har vore plaga av å kjenne seg einsam (ganske mykje/mykje plaga: lokalt 25 %, nasjonalt 22 %). 

Digitale og sosiale medium er ein ny arena for vennskap, og mange viser til at dei er sosiale på desse arenaene.

  • Tala rundt det å vere sosial på nettet og spele online fleire gongar i veka, viser at vi ligg rett over landsgjennomsnittet i Bjørnafjorden.
  • Jentene gir uttrykk for å vere meir sosiale enn gutane på nett. Dette har nok samanheng med bruk av sosiale medium, medan gutane ligg signifikant høgare enn jentene i det å spele online med andre.

 

 

 

Ungdomstrinnet: Mediabruk

Medium er ein stor og viktig del av livet til ungdommane, både i skulearbeidet og i det sosiale livet. Mange brukar mykje av fritida si på internett, og det kan ha sosiale kostnader for den enkelte unge å ikkje vere til stades. Samtidig har digitale medium gjort ungdommen si verd større. Skjermtida aukar gjennom ungdomstrinnet, og det er vanleg at gutar til saman brukar noko meir tid på skjermbaserte aktivitetar enn jenter.  

Stadig meir av fritida til dei unge blir brukt på skjermbaserte aktivitetar. Ungdata '21

  • I tidsbruk på skjerm ligg Bjørnafjorden ganske likt med nasjonalt nivå, men litt høgare når det gjeld den delen av ungdommar som har ein dagleg skjermbruk på 4 timar eller meir.
  • 75 % av ungdommane brukar frå 3 timar til meir enn 6 timar per dag. Det er ikkje stor skilnad mellom gutar og jenter her.  

Merk elles skilnaden mellom gutar og jenter i det å spele online spel og å vere på sosiale medium (sjå “Venner”).  

  • På spørsmålet om kva ein brukar tid på ein gjennomsnittsdag, er det 89 % som svarer at dei ikkje brukar noko tid (71 %), eller maks 30 minutt (18 %), på å lese bøker.   
  • Prosentdelen av elevar på ungdomstrinnet som brukar meir enn tre timar kvar dag framfor ein skjerm, har gått frå 63 % i 2019, til 75 % i 2021. Dette vil nok vere mykje grunna pandemien, og det at ungdommane både har hatt meir skulearbeid, og vore meir sosiale, på ulike medium. 
Ungdomstrinnet: Framtid

Dei aller fleste unge begynner direkte i vidaregåande opplæring etter grunnskulen, men likevel er det ikkje alle som fullfører. Fleire trur dei kjem til å ta høgare utdanning, men samtidig ser vi ein tydeleg trend i retning av mindre framtidsoptimisme. Færre enn før trur dei kjem til å leve eit godt og lukkeleg liv.  

  • I tru på å fullføre vidaregåande opplæring, og å ta høgare utdanning, ligg vi lokalt litt lågare enn nasjonalt nivå.
  • Kjønna ligg ganske jamt i Bjørnafjorden, men på 10. trinn ligg jentene ein del høgare enn gutane når det gjeld trua på å ta høgare utdanning på høgskule eller universitet (58 % jenter mot 33 % gutar).
  • På spørsmåla om dei trur dei kjem til å bli arbeidsledige, og om dei trur dei kjem til å leve eit godt og lukkeleg liv, svarar gutane at dei er litt meir pessimistiske enn jentene. 

Det er likevel verd å merke seg at på spørsmålet om ungdommen trur dei kjem til å leve eit godt og lukkeleg liv, så har, talet, trass i pandemien, berre endra seg frå 67 % i 2019 til 66 % i 2021.  

Ungdomstrinnet: Trening og organisert fritid

Dei fleste er med på ei eller anna form for organisert fritidsaktivitet. Ungdata '21

Undersøkinga viser at gjennomsnittsungdommen deltek på om lag 1,2 organiserte aktivitetar per veke.  

  • Det er idrettslaga som trekker flest ungdom, og over halvparten av ungdommane deltek regelmessig i idrett.
  • Om lag dobbelt så mange gutar som jenter har aldri vore med i organiserte aktivitetar.
  • Om lag 80 % av ungdom trener minst éin gong i veka.
  • Dei trener mest på eiga hand eller i eit idrettslag.
  • Elevar i ungdomsskulen i Bjørnafjorden deltek litt mindre i organisert fritidsaktivitet enn resten av landet.
Ungdomstrinnet: Rusmiddel og regelbrot

På ungdomsskulen har dei færraste byrja å drikke alkohol. Ungdata '21

  • Fleire gutar enn jenter røyker kvar dag eller kvar veke.
  • Tre gonger fleire gutar enn jenter brukar snus .
  • Ungdommane blir utsette for fleire tilbod om cannabis enn tidlegare.
  • På 10. trinn er det ein auke i både bruk og tilbod om cannabis.

Dei fleste unge er nokså lovlydige. Det er oftast nokre få av ungdommane som står for mesteparten av lovbrota. Ungdata '21

Det er ein auke i skulking blant ungdom.

  • 5 % fleire ungdommar i Bjørnafjorden skulkar, samanlikna med resten av Norge. 
  • Fire av ti ungdommar har snike seg unna å betale på kino, idrettsstemne, buss eller liknande. Ungdom i Bjørnafjorden er like lovlydige som ungdom elles i Noreg.
Ungdomstrinnet: Livskvalitet

“Det som gjer livet godt å leve”  har både materielle og subjektive sider. Det handlar om kor fornøygd ein er med livet ein lever og trivsel, men og å vere til nytte og oppleva meistring. Livskvalitet påverkar sjølvbilde, ei viktig side av livskvalitet er derfor korleis ein ser på seg sjølv. Ungdata '21

Dei fleste ungdommar er godt nøgde med livet sitt.

  • Det er likevel verd å merke seg at om lag 1 av 4 rapporterte at dei siste veka sjeldan/aldri føler seg optimistisk, nyttig eller at dei meistrar. Jenter opplever i mindre grad å vere glad, engasjert, energifull, optimistisk om framtida, nyttig og at dei meistrar, enn det gutar gjer. Dei er òg mindre fornøgde med seg sjølv, og livet sitt. 
Ungdomstrinnet: Helse

Dei fleste unge har god helse. Ungdomstida er ein periode med store forandringar, både kroppsleg og mentalt. I løpet av ungdomsskulen har dei fleste komme i puberteten, og mange byrjar å få kjensler overfor seg sjølv og andre. For mange er dette ei spennande tid der dei får nye erfaringar, utviklar seg sosialt og prøver ut nye ting. Samstundes er dei tidlege tenåra ein periode der stadig fleire opplever ulike former for psykiske helseplager, og der vonde tankar og kjensler vil kunne prege korleis dei fungerer i kvardagslivet. Ungdata '21

  • 66 % av elevane på ungdomstrinnet i Bjørnafjorden rapporterer at dei er litt nøgd eller svært nøgd med helsa si, mot 70 % på nasjonalt nivå.
  • Rapporten viser at det er eit markant skilje i korleis gutar og jenter opplever helsa si.
  • Fleire jenter enn gutar rapporterer at dei er mindre nøgde med helsa, og at dei har meir hovudverk og andre fysiske plager.
  • Bruk av smertestillande er om lag det same som for landsbasis, og ganske likt fordelt mellom jenter og gutar.  
  • Gutar nyttar helsetenester som helsesjukepleiarar på skulen, helsestasjon for ungdom og psykolog i mindre grad enn jenter. 

Prosentdelen av elevar på ungdomstrinnet som rapporterer at dei har hatt mange psykiske helseplager i løpet av den siste veka, har auka med 1 % sidan 2019. 

  • Det er ein markant forskjell mellom kor mange jenter og kor mange gutar som rapporterer å ha hatt ulike plager (kjent at alt er eit slit, uroa seg over mange ting, søvnproblem og kjent seg ulykkeleg, trist, deprimert). Medan 8 % av gutane fortel om slike plager, gjer 22 % av jentene det same. 
  • 15 % av elevane på ungdomstrinnet rapporterer at dei har opplevd så mykje press i kvardagen at dei har hatt problem med å takle det. Her er det òg store forskjellar mellom jenter og gutar: på 10. trinn melder 30 % av jentene om så mykje press at dei har problem med å takle det, mot 9 % av gutane.
  • Press om å gjere det bra på skulen ligg øvst på lista, medan press om å sjå bra ut/ha ein fin kropp og prestere i idrett kjem like under.  

 

Vidaregåande skule: Venner

Å ha jamaldrande venner er viktig for utvikling av sjølvbiletet og sosial kompetanse. Å ha venner er viktig fordi det gir ei oppleving av å vere godtatt.
Det er positivt når undersøkinga viser at dei aller fleste ungdommane har venner å vere saman med, men det er samtidig urovekkande at kvar tiande ungdom i Noreg, òg her i Bjørnafjorden, manglar venner dei kan stole på og snakke med om alt mogleg (10 % nasjonalt, 11 % lokalt).  

  • Å ha venner å vere saman med på fritida: prosentandelen for gutar synk frå 1. til 3. året på vidaregaånde, medan han aukar for jenter desse åra.
  • Å ha venner i friminutta: jamt svar mellom gutar og jenter alle tre åra. Andre året på vidaregaånde er det året prosentandelen er lågast, både for jenter og gutar. 
  • Å ha ein fortruleg venn: tala har gått ned 5 % på 1. og 2. året på vidaregaånde, samanlikna med 2019-tala.   
  • Nesten halvparten av ungdommane har ikkje vore saman med vener heime hos kvarandre i løpet av den siste veka.
  • Fleire har vore ute og møtt vener, og her skil gutane på 2. året seg ut, med 18 % meir enn jentene.

Svara lokalt skil seg ikkje mykje ut frå landsgjennomsnittet. Her må ein òg ta med seg koronaåret, som blant anna gjorde det utfordrande med fysiske sosiale treff på fritida. 

  • Nesten 80 % har vore mykje sosiale på nettet, og som på ungdomstrinnet merkar jentene seg ut med å vere på sosiale medium, og gutane med online spel.  
  • Lokalt ligg vi rett under nasjonalt nivå når det gjeld om ungdommane har vore plaga av å kjenne seg einsam (ganske mykje/mykje plaga: lokalt 23 %, nasjonalt 27 %).
  • Jentene sin svarprosent her ligg mykje høgare enn gutane, spesielt dei to første åra på vidaregåande skule: 1. året: jenter 18 % mot gutar 6 %, 2. året: jenter 16 % mot gutar 10 %, 3. året: jenter 7 % mot gutar 3 %.   

 

 

 

 

Vidaregåande skule: Mediabruk

Dei digitale media spelar ei viktig rolle i ungdommen sitt kvardagsliv, med omsyn til både skulearbeid og det sosiale livet, og er ein sentral formidlingskanal for det som skjer i ungdomskulturen.  

  • Det store fleirtalet oppgir at skjermbruk, bortsett frå bruk i skulen, ligg på 3-4 timar pluss.
  • Andre året på vidaregåande er det jentene som skårar høgast i skjermtidbruk, og på tredje året er det gutane som skårar høgast.  
  • Ungdommane brukar mest tid i løpet av ein dag til å vere på sosiale medium og sjå på filmar/seriar/YouTube, og aller minst til å lese bøker (skulebøker er ikkje medrekna).  

Som nemnt under temaet Venner, så merkar jentene seg ut med å vere på sosiale medium, og gutane med online spel. Jo eldre dei blir, jo mindre tid brukar ungdommane på både sosiale medium og elektroniske spel.  

Prosentdelen av ungdommar som brukar meir enn tre timar kvar dag framfor skjermen, har auka jamt frå 2019 til 2021. Igjen, ungdommane har brukt mykje tid til både læring og sosialisering gjennom ein skjerm, dette siste året.  

Vidaregåande skule: Framtid

Dei fleste trur dei vil fullføre vidaregåande skule (jamt lokalt og nasjonalt nivå, jamt blant gutar og jenter), og dei fleste trur at dei vil ta høgare utdanning (færre lokalt enn nasjonalt, fleire jenter enn gutar).  

Prosentdelen som er redde for å bli arbeidsledige, og som har trua på eit godt og lukkeleg liv, ligg jamt på lokalt nivå som nasjonalt nivå - litt meir positivitet å spore lokalt enn nasjonalt.  

  • Fleire gutar enn jenter trur dei kjem til å bli arbeidsledige.
  • Jenter og gutar skårar ganske jamt når det gjeld tru på eit godt og lukkeleg liv. Jentene på 3.året på vidaregaånde er litt meir optimistiske her enn gutane.  

Trua på eit godt og lukkeleg liv har gått ned nokre prosent per år sidan 2019. Dette er kanskje ikkje så rart, med tanke på redsel for sjukdom, frykt for eiga og andre si helse, og at fleire har blitt arbeidsledige under pandemien.

Vidaregaånde skule: Trening og organisert fritid

Å trene er noko dei aller fleste driv med. Nokre ungdommar trenar svært mykje. Ungdata '21

  • Nær halvparten av ungdommane svarar at dei tidlegare har deltatt i ei form for organisert fritidsaktivitet, men at dei ikkje er med lengre.  
  • Tala viser at ungdom i Bjørnafjorden er mindre aktive i klubbar, organisasjonar og lag enn resten av landet. Få har dessutan vore aktive den siste månaden (på registreringsdato), noko ein kan sjå i samanheng med smittesituasjonen.  
  • Ungdom på vidaregåande trener nesten like mykje som landsgjennomsnittet.  
  • Om lag 70 % av ungdommar i vidaregåande skule trener minst éin gong i veka. 
Vidaregaånde skule: Rusmiddel og regelbrot

Dei fleste debuterer med alkohol i løpet av åra på vidaregåande. Ungdata '21

Prosentdelen av ungdommar i vidaregåande som har vore rusa på alkohol i løpet av det siste året, har auka sidan 2019.

  • Av dei som svarar at dei drikk alkohol, oppgir nesten halvparten at dei får lov til å drikke av sine foreldre/føresette.  
  • Dei aller fleste har aldri røykt eller brukt snus.
  • Svært få røykjer dagleg. 
  • 13 % svarar at dei snusar kvar dag. 
Vidaregaånde skule: Livskvalitet

Tala for vidaregåande skule liknar på tala frå ungdomstrinnet, men prosentdelen som er tilfreds med livet er noko høgare enn på ungdomstrinnet. Resultata viser at det store fleirtalet har det godt: 

  • Dei aller fleste er fornøgde med korleis dei er og korleis dei har det.
  • Eit stort fleirtal opplever at livet gir meining.
  • Samtidig er det nokre ungdomar som gir uttrykk for at ikkje alt er bra. Det er også her skilnader på gutar og jenter, men noko mindre enn på ungdomstrinnet. 
Vidaregaånde skule: Helse
  • På vidaregåande skule er 67 % fornøgde med helsa si. Dette talet er høgare enn tal frå Vestland (65 %) og Noreg (64 %). Det er forskjell på jenter og gutar også her, men ikkje så markant som på ungdomstrinnet.  
  • Når det gjeld fysiske plager, rapporterer jenter høgare enn gutar på både hovudverk og andre plager (kvalme, magevondt, smerter i ledd, nakke, skuldrar). 
  • Bruk av smertestillande er lågare blant elevar på vidaregåande i Bjørnafjorden enn i Noreg. 
  • 10 % av elevane på vidaregåande skule i Bjørnafjorden har brukt Helsestasjon for ungdom siste året. På landsbasis har 21% nytta Helsestasjon for ungdom siste året.
  • Tala er ganske like for Bjørnafjorden og på landsbasis når det gjeld elevar som har nytta helsesjukepleiar på skulen og psykolog. Jenter nyttar helsetenester meir enn gutar.

Når det gjeld psykisk helse, er tala ganske like som på ungdomstrinnet. 10 % av gutar og 23 % av jenter rapporterer å ha hatt mange psykiske plager dei siste sju dagane. Tala er lågare enn landsgjennomsnittet. 

Tala som seier noko om press, er lågare enn ungdomstrinnet samla sett, men likevel har 11 % opplevd så mykje press siste veka at dei har hatt problem med å takle det. Det er også her stor skilnad på jenter og gutar, der jenter rapporterer om mest press.

På vidaregåande ligg tala som handlar om press høgast når det kjem til det å gjere det bra på skulen, og sjå bra ut/ha ein fin kropp.

   

Dette svarar alle: Om foreldre 

Det er fleire spørsmål om foreldre i undersøkinga. For ein hovudindikator på korleis ungdommar opplever foreldra sine, blir det stilt spørsmål rundt kor nøgde eller misnøgde barnet eller ungdommen er med ulike sider av livet.

Mange foreldre investerer mykje tid og ressursar i barna sine. Kanskje er dette grunnen til at barn flest har ei så positiv oppleving av foreldra sine. Ungdata '21

Det store fleirtalet av barn og unge i Bjørnafjorden er veldig nøgde med foreldra sine, og oppgir at foreldra er interesserte i livet deira. Ti prosent av elevane på vidaregåande skule opplever av og til at føresette manglar pengar til å betale for fritidsaktivitetar som dei ønskjer å delta på.  

 

Dette svarar alle: Om skulen

Ikkje alle barn er like godt nøgde med skulen dei går på. Ungdata '21

Litt under halvparten av dei spurde på mellomtrinnet (41 %) er veldig nøgde med skulen dei går på. Ungdomsskulen og vidaregåande skule har færre elevar som er veldig nøgde. Samstundes ser vi at nesten 40 %, både på mellomtrinnet og ungdomstrinnet, er ganske nøgde. Her ligg tala litt lågare på vidaregåande skule. Når det gjeld elevar som ikkje er nøgde i det heile tatt, er tala i Bjørnafjorden dei same som dei nasjonale (4 %).  

Trivst elevane på skulen?

Den generelle trivselen i norsk skule er god. Ungdata '21

  • Mange elevar trivst på skulen og opplever gode relasjonar til både lærarar og medelevar. Det er særleg elevane på mellomtrinnet som svarar at lærarane bryr seg.
  • Vi ser ein liten nedgang i trivsel frå barneskule til ungdoms- og vidaregåande skule, men det er fleire på mellomtrinnet (10 %) enn på ungdomsskule (7 %) og vidaregåande skule (5 %) som ofte gruer seg til å gå på skulen. 
  • Tala viser også at det på ungdoms- og vidaregåande skule er langt fleire jenter enn gutar som gruer seg til å gå på skulen. Nasjonale tal viser at totalt 7 % (både i grunnskule og på vidaregåande skule) ofte gruer seg til å gå på skulen. Vi ligg altså litt over dei nasjonale tala på mellomtrinnet, litt under på vidaregåande skule, og likt med nasjonale tal på ungdomsskule.  
  • Vi ser at gutane på mellomtrinnet er mindre redde for å snakke høgt og bli vurderte på skulen enn jentene. Spesielt stor skilnad er det knytt til vurderingssituasjonar.  

Kor mykje tid brukar dei på leksene?

Ein av fire blir svært ofte stressa av skulearbeid - og jentene stressar mest. Ungdata '21

  • Ein del ungdommar (25 %) blir svært ofte stressa av skulearbeid - og langt fleire jenter enn gutar.
  • Ungdommar som brukar minst ein time kvar dag på lekser og anna skulearbeid utanom skulen, ligg på 33 % lokalt, og 38 % nasjonalt.

Skulkar dei?

Å skulke skulen, særleg når det skjer fleire gonger, kan signalisere at elevar manglar motivasjon. Det kan vere mange ulike årsaker til skulking, og ofte kan det vere ting som ikkje har noko direkte med skulen å gjere.  Ungdata '21

Når det gjeld skulking i vår kommune, så ser vi at rundt 30 % av ungdomsskuleelevane har skulka skulen minst ein gong det siste året. Dette talet er fem prosent høgare enn det nasjonale. På vidaregåande skule er tala lågare enn det nasjonale gjennomsnittet.

Kontakt

Elin Tuft
Spesialkonsulent
Telefon: 90810495
Mobil: 90810495