Snart kan du ta gratis Seniordrosje til arrangement i Bjørnafjorden

Leiar i Os Pensjonistforening og Bjørnafjorden eldreråd, Bjørn Sivertsen, er drivkrafta bak Seniordrosje-tilbodet som startar opp att 11. april. Helge Svortevik i Os Taxi er klar for oppdrag, saman med kollegaer i Os Taxi og Fusa Taxisentral. Ragnhild Stende Bjaadal

Det skjer svært mykje i Bjørnafjorden kommune. Det står ikkje på tilbodet - men ofte er det transporten som er den store utfordringa for mange eldre.

Tysdag 11. april startar vi opp tilbodet Seniordrosje i Bjørnafjorden kommune.
Seniordrosje er eit gratis tilbod til bjørnafjordingar over 65 år som treng transport for å kunne delta på arrangement og aktivitetar i Bjørnafjorden kommune.

Os Pensjonistforening organiserer Seniordrosje-tilbodet, og oppfordrar no alle lag, organisasjonar og andre arrangørar av aktivitetar som er interessante for målgruppa til å melde inn aktuelle arrangement for april, mai og juni 2023 så snart som mogleg.

Oversikt over arrangement 

Os Pensjonistforening lagar kvartalsvis oversikt over arrangement og aktivitetar som du kan ta Seniordrosje til og frå.

  • Oversikta over "godkjende" arrangement blir lagt ut på bjornafjorden.kommune.no/seniordrosje og delt med Os Taxi og Fusa Taxisentral.
  • Arrangementsoversikta vil òg vere tilgjengeleg på papir hos Os Pensjonistforening, Fusa frivilligsentral og Os frivilligsentral.

Arrangementsoversikta og annan praktisk informasjon om tilbodet vil du finne på nettsida bjornafjorden.kommune.no/seniordrosje 

Slik melder du frå om aktuelle arrangement

Lag, organisasjonar og andre arrangørar melder inn aktuelle arrangement til Os Pensjonistforening ved leiar Bjørn Sivertsen på e-post: bsivert2@gmail.com eller telefon 913 83 884

Registrere i Friskus

På sikt vil det vere eit krav at Seniordrosje-arrangement er registrerte i aktivitetskalenderen Friskus.
Friskus er eit nettverktøy Bjørnafjorden kommune betalar for, slik at lag og organisasjonar sjølve kan registrere og marknadsføre aktivitetane sine ut mot innbyggarane.
Mange lag og organisasjonar i Bjørnafjorden er allereie flittige brukarar av Friskus. Dei som ikkje brukar Friskus i dag, kan få opplæring. 

Bakgrunn for Seniordrosja

Altfor mange heimebuande eldre kjenner på einsemd, og svært mange av desse har ikkje tilgang på eigen bil.
Å måtte lite på at pårørande skal køyre deg dit du vil, når du vil, er ikkje enkelt for nokon av partane. Det er heller ikkje slik at alle har pårørande i nærleiken.

Skal du kunne kjenne deg trygg og komfortabel i eigen heim, må du vite at du kan komme deg dit du vil, når du treng det, utan at det går ut over økonomien din.

Prosjektet «Heima best» i Bjørnafjorden kommune skal greie ut korleis vi kan nå den nasjonale målsettinga om at eldre skal bu heime lengst og best mogleg.
Seniordrosje-tilbodet er eit svar på dette. For å trivst heime, må ein ikkje kjenne seg «fanga» heime.

Seniordrosje er ei praktisk, konkret og effektiv løysing på ei rekke utfordringar:  

  • Heimebuande eldre og einsame får moglegheit til å delta på sosiale arrangement.
  • Pårørande får avlastning.
  • Frivillige utan bil kan komme seg til og frå oppdrag – og kanskje endå fleire melder seg til teneste når det er enkelt å komme seg til og frå. 
  • Lag, organisasjonar og andre arrangørar får publikum og deltakarar til sine arrangement.

Seniordrosje i Bjørnafjorden kommune 2023 er finansiert gjennom ei løyving på 120 000,- frå formannskapet sitt disposisjonsfond.

Tilbodet er organisert av Os Pensjonistforening, i samarbeid med Os Taxi, Fusa Taxisentral, Bjørnafjorden eldreråd, Os frivilligsentral, Fusa frivilligsentral og Bjørnafjorden kommune.