I sommar blir Os gjestehamn endå meir gjestfri

Stadig fleire finn vegen til Os gjestehamn, både i båt og med bubil. Det er veldig hyggeleg! Samstundes stiller det krav til godt vertskap.
I sommar skal derfor hamnevertar frå Os Håndball passe på at turistane har det fint, trygt, reint og godt. 
I tillegg kan tilreisande båt- og bubilturistar enkelt og rimeleg låne seg ein bil frå Dele og utforske kva resten av kommunen har å by på.

Frå venstre: Hege Engelsen i Os Handball, kommunalsjef Runar Lunde, Christian Bugge i Os Handball, Tori Langaas frå Dele og Jan Norbeck i Os Handball strålar om kapp med sola ved lanseringa av hamnevertoppdraget og Dele-ordninga for besøkande i Os gjestehamn.

Hovudoppgåve: God stemning

− Hovudoppgåva til hamnevertane er å skape god stemning, seier kommunalsjef for Samfunnsutvikling, Runar Lunde.
Tidlegare i år lyste kommunen etter frivillige lag og organisasjonar som ønskte å ta hamnevertoppdraget frå 20. juni til 18. august. No er det klart at det er Os Håndball som tar ansvar for å spreie hygge, informasjon og bollar til besøkande i hamna i sommar.

Overskot til inkluderingsfondet

– Vi i Os Håndball er alltid på utkikk etter gode måtar å få inn kapital til klubben, seier dagleg leiar, Christian Bugge. 
– Hamnevertoppdraget er midt i blinken for oss. Det er ein kjempefin sommarjobb for serviceinnstilt ungdom som vil tene litt pengar, samstundes som overskotet går til inkluderingsfondet vårt. Formålet med inkluderingsfondet er å sikre at alle barn og unge i klubben vår skal kunne delta i idrett, uavhengig av familien sin økonomi, seier Bugge.

Bruk bil frå Dele

Eit anna nytt og unikt tilbod til besøkande, er tilgang til bilane frå Dele. Tre bilar står parkerte og klare til bruk utanfor Rådhuset på Osøyro. Ved å laste ned appen til Dele og registrere brukar, kan tilreisande enkelt la bubilen eller båten stå på plassen sin, og heller utforske Bjørnafjorden-regionen med bil. Abonnementet er registrert på Bjørnafjorden kommune, og ein betaler berre for sjølve bruken av bilen.

Bilane frå Dele står klare til bruk på faste parkeringsplassar utanfor Rådhuset på Osøyro. Bjørnafjorden kommune betaler abonnementet, turistane betaler berre for bruk av bilen. Ragnhild Stende Bjaadal

Første kommune ut

–Vi er einaste kommune i landet som tilbyr ei slik løysing, fortel Lunde, som er opphavet til ideen. 
–Dele-bilane har allereie erstatta dyre leasingavtalar for tenestebilar i kommunen. I sommarmånadane er det mindre bruk av bilane, og då er det jo berre kjekt at besøkande kan nytte seg av dette kjempeflotte tilbodet, seier Lunde.

Dele-bilane vil vere tilgjengelege for besøkande i Os gjestehamn frå 1. juni 2024.

Sjå også: Os gjestehamn